Framsida


Heim
Grasrotandel
Om oss
Styret 2011/2012
Styret 2010/2011
Medlem 2009/2010
Medlem 2008/2009
Medlem 2007/2008
Medlem 2006/2007
Korpset
Arrangement
Konkurranser
Festivalen
B-laget
Fotoalbum
Kontakt oss
Nyhende
Internsider

Informasjon om korpset

Klikk på bilete for full storleik
Øving foran revyen 2007
 
Oppstart

Rosendal Musikklag, som på den tida heitte Rosendal Musikkforening, blei starta i 1896, og er dermed eit av dei eldste korpsa i Noreg.

 

Frå først av var laget ein kvartett, men det kom fort fleire til.

 
Organisasjonen Rosendal Musikklag

I 1933 vart laget organisert med vedtekter, generalforsamling, og val av styre. Her var det då fremmøtt 16 medlemmer med stemmerett. Foreningas formål 'er ved kameratslig samarbeide å opprettholde og fremme musikkinteressen så vel blandt foreningens medlemmer som i bygden forøvrig.'

 
Damer kom med i korpset

Fram til 1975 hadde laget vore janitsjarkorps, men skifta no over til brass. Til no hadde laget ikkje hatt damer med. Tidlegare jenter i skulemusikken fekk skriftleg invitasjon til opplæring og medlemskap. Torill Haugland fortel: 'Eg tykte det høyrdest interessant ut og kom heim frå fyrste øvinga med ein gullfarga trompet. Men då det viste seg at eg var den einaste dama, mista eg motet og trekte meg. Eg lova likevel at dersom musikklaget kunne få med ei dame til, og dersom dei ville gje meg opplæring så skulle eg byrja.'

 

Det gjekk eit år før ho høyrde noko meir frå laget. Ein dag ringde formannen og fortalde at no hadde dei endeleg fått med ei dame til. Det var Lillian Huke. Håkon Hesthammer lærde dei opp.

 
Ekko

Rosendal Musikklag hadde ein viktig medspelar når det gjaldt økonomi og tilskipingar, det var støttelaget EKKO. Dei vart skipa i 1977 av ektefeller til medlemmer i musikklaget. Dei hadde som hovudarbeid å betre økonomien i laget, og å hjelpa til med ulike arrangement i musikklaget sin regi.

 
Konkurransar

Rosendal Musikklag har deltatt i konkurranser jevnlig sida 1980.  Norges Mesterskap for Brass, Siddis, Vårspretten, Hordablesten, og fleire.

 
Rosendal Musikkfestival

Den første Musikkfestivalen gjekk av stabelen i 1977. Sjå historie under Festivalen.

 

Utdrag frå boka: 'Still dine strengjer', Rosendal Musikklag 1896-1996

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
29.08.2011
Seminarhelg
Rosendal Musikklag har hatt ei flott seminarhelg. Etter å hatt pause frå spelinga i sommar, var det godt å koma i gang igjen.
Les meir
26.08.2011
Ny sesong for RML
Rosendal Musikklag starta oppatt sesongen måndag 15. august, og skal allereie helga 27. - 28. august ha seminar.
Les meir
Linker
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS