|
Historie | | | | | | | Ideen til Rosendal Musikkfestival dukka opp i midten av 70-åra. Rosendal Musikklag gjekk over frå jantisjar til brass band-besetning i 1975, og nett den hendinga er eit godt bilete på den nytenkinga som føregjekk i korpsmiljøet i Rosendal på denne tida. I tillegg la Hordaland Musikklag sitt 50 års Minnestemne til Rosendal, og kan henda dette var den vesle spira som førte til at den første Rosendal Musikkfestival gjekk av stabelen i 1977. | | | | | | | Kjartan Wang Olsen leidde den første festivalnemnda, som forutan førstnemnde bestod av Bjarne Klette, Torill Haugland og Torstein Hus. Rosendal Musikkfestival fekk ein 'flying start' med H.M. Kongens Garde som hovudattraksjon. Allereie under den første festivalen vart Nattjazzen innførd. Ytre Suløens Jazzensemble stod for underhaldninga, og arrangementet vart teke så godt i mot at det framleis er ein fast programpost under festivalen. | | | | | | | Men sjølv om det vart opna for andre musikkformer, var grunntanken at Rosendal Musikkfestival skulle vera ein korpsfestival. Men allereie i 1978 kom det innslag av klassisk musikk i festivalprogrammet. Bergen Kammerensemble heldt konsert i Borggarden på Baroniet Rosendal. | | | | | | | I 1980 brann Rosendal Samfunnshus ned til grunnen, og mykje av dokumentasjonen frå dei første festivalåra har difor gått tapt. Brannen førte også til at det var uråd å arrangera festival dei to neste åra. | | | | | | | (Kjelde: 'Rosendal Musikkfestival' av Johannes G. Guddal i jubileumsboka 'Still dine strengjer - Rosendal Musiklag 1896 til 1996') | | | | | | | | | | |
| |
 | | Siste nyhende | | 29.08.2011 | Seminarhelg | | Rosendal Musikklag har hatt ei flott seminarhelg. Etter å hatt pause frå spelinga i sommar, var det godt å koma i gang igjen. | | Les meir | 26.08.2011 | Ny sesong for RML | | Rosendal Musikklag starta oppatt sesongen måndag 15. august, og skal allereie helga 27. - 28. august ha seminar. | | Les meir | |  |  | | Linker | |  | |