|
Rosendal Musikklag B | | Eller”B-gjengen” til dagleg, var i utgangspunktet tenkt som eit suplement til Rosendal Musikklag for musikantar som kunne tenkja seg å spela, men som ikkje ville satsa så mykje som ”A-laget” gjer. I fyrste halvdel av 1998 gjekk vi ut til så mange som omlag 50 musikantar i området Ænes – Omvikedalen. Vi har og hatt med ein del frå Uskedal.
| | |
| | | |
| | | | Hausten 1998 starta vi opp øvingar annankvar torsdag, noko vi har halde på seinare. I fyrstninga var vi 10 – 12 musikantar, og det gjekk vel mest på gamaldans-musikk. Etter kvart la det imidlertid på seg, og i 2003/2004 var vi faktisk opp i full brassbesetning, og vel så det, med 33 musikantar:
| | | |
| | | |
S-kornett: Siri Teigland.
B-kornett: Jan Eilif Ingebretsen.
Per T. Skåle.
Alf Ragnar Nygård.
Leif Matre.
Anne Sigrid Lunestad.
Arne Myklebust.
Torunn Døssland
Lene Bergstø
Kristin Lamberg.
Flugelhorn: Margrete Gjerald Mehl.
Horn: Ingrid H. Lund.
Magne Bøyum.
Olav Øye.
Elisabet Epland Nes.
Euphonium: Bård Ljosnes.
Oddmund Nes.
Bariton: Randi Merete Tødenes.
Gro Skeie
Karen Bewer
Trombone: Lars Johan Nes
Arne Klette
Elisabeth Stuland Mehl
Inger Johanne Hauge.
B-tuba: Bjarne Klette
Eirik Skåla
Bjørn Våge
Eb-tuba: Torstein Hus
Arvid Storegjerde
Klokkespel: Lars Storegjerde
Slagverk: Torkjell Nerhus
Tor Øystein Havnerås
Stig Klette
| | | |
Ein del av disse har etter kvart ”dotte ut”, slik at vi no er ned mot 20 når ”alle” møter, noko som er meir sjeldan, og dei siste øvingane har vi ikkje vore meir enn 10 – 12 stk. Det er å vona at vi iallfall vert omlag 20 framover. Det kan jo og vera aktuelt og leggja om besetninga, få med treblåsarar, og gå over til å spela musikk meir i retning av gamaldans/tyroler o.lign. Men dette med treblåsarar er vel ikkje så heilt enkelt, all den tid ingen av skulekorpsa har, eller har hatt, treblåsarar i seinare tid.
I 2003/2004 hadde vi Aslaug Hestø som dirigent. Andre dir. har vore Atle Fredheim og Øyvind Nikolaisen. For tida er Jon Storækre dir.
| | | |
Jevnt over har vi 15 til 20 øvingar for året, alt etter behov, og i gjenomsnitt deltek vi på 10 tilskipingar for året, i tillegg ein del samarbeidsprosjekt med ”A-laget”. Faste tilskipingar vi deltek på er Skålagato på Haustmarknad, Julafesten til Pensjonistlaget, (den er det vel slutt på no når laget er lagt ned), Julakonserten i kyrkja, Skålagato om våren, Konsert på Rosendalstunet og Musikkfestivalen. Dessutan pleier vi ha ein Blåtur om våren, hvis vi får nok påmelding.
| | | |
Som sagt treng vi fleire medlemer, og er det nokon som kan tenkja seg å vera med, er det berre å ta kontakt.
| | | |
For tida har vi dette Styret: Bjarne Klette
Elisabeth Stuland Mehl
Eirik Skåla.
| | | |
| | | |
03.04.07 / Bjarne Klette
| | | | | | | | | | |
| |
 | | Siste nyhende | | 29.08.2011 | Seminarhelg | | Rosendal Musikklag har hatt ei flott seminarhelg. Etter å hatt pause frå spelinga i sommar, var det godt å koma i gang igjen. | | Les meir | 26.08.2011 | Ny sesong for RML | | Rosendal Musikklag starta oppatt sesongen måndag 15. august, og skal allereie helga 27. - 28. august ha seminar. | | Les meir | |  |  | | Linker | |  | |