Då er vi klare for juleaktivitetar med den tradisjonelle Julematinèen 1.desember kl 16. på samfunnshuset. Vi dekker som vanleg eit fantastiske kake og dessertbord og byr på korpsmusikk frå skulekorpset og musikklaget. Vi har åresal og trekking av julelotteriet.
Vi hadde ein strålande flott tur til Siddis Brass. Spelinga gjekk veldig fint. Vi fekk flotte tilbakemeldingar frå publikum. Utdrag frå dommarkommentarane: 'The soloist clearly has an excellent future ahead of him'
Både dei 'kliss nye' ogdei gamle instrumenta våre er smurde og klare for nye eventyr. Tusen takk tilRosendal Musikklag sin hovudsponsor Norsafe ved Geir og Marianne Skaala. Støttagjer at Musikklaget kan bidra til varierte aktivitetar og spreie musikkglede ibygdene våre. Vi takkar og Sparebank 1 stiftinga Kvinnherad for viktigetildelingar til prosjektet vårt: 'Ny instrumentpark.' Gode støttespelarar gjerat vi kan presentere ei flott terminliste med kjekke konsertar ogarrangement.
Flott øving på laurdag med kjekke instruktørar. Marius Fevang Torstensen, Petro Romanyshyn, Marius L Torjusen, Sebastian L Tosjusen og sjefen sjøl dirigent Yngve Nikolaisen fekk oss til å gje full gass.
Konserten på Husnes storsenter vart ei kjekk hending.
Rosendal Musikklag A presenterte eit variert og kjekt program på konserten på Husnes storsenter laurdag 27. februar. Eit kjekt lokale å spele i og kjekt publikum.