Framsida


Heim
Grasrotandel
Om oss
Arrangement
Konkurranser
Festivalen
B-laget
Fotoalbum
Kontakt oss
Hovudsponsor
Nyhende
Internsider
Kontakt oss
Tlf:
950 32 623
Faks:
E-post
kristin.lamberg@icloud.com
PB 142, 5486 Rosendal

Kollaps

Klikk på bilete for full storleik
 
Etter mykje øving og samkjøring mellom songarane i Rosendal Songlag, revyartistane våre og musikantane i Rosendal Musikklag, var tida endeleg inne for den store finalen. Med eit forventningsfullt publikum i eit fullsett amfi, var det duka for stor stemning i Rosendal Samfunnshus laurdag 14. april.

 

Sjå bilete under Fotoalbum
 

Revyen i år blei ein kjempesuksess.

 

Rosendal Songlag, dei friske revyartistane våre og Rosendal Musikklag har dei siste vekene jobba på spreng for å få i gang årets revy KOLLAPS. Med intens øving siste veka, og med generalprøve laurdag, var det meste på plass. Men spenninga var likevel til å ta og føla på då vi opna dørene for publikum kl. 18.45.

 

Stemninga steig enno nokre hakk då vi såg at publikum strøymde til. 

Dei elles så rolege minuttane med forfriskningar i foajeen før ein konsert, var ikkje så roande denne gongen. Vi var aktørar i dag.

På slaget kl 19.30 var det tid for Rosendal Musikklag sin innmarsj. På rekke og rad gjekk vi inn til plassene våre. Vel inne, og eit lite nikk frå Møyfrid til Vibeke på slagverk, så var vi gang med første nummer.

Dirigenten vår, Arve Belt, frå Tysnes, blei introdusert til tonane frå tittelmelodien til 'The Muppetshow'. Publikum klappa taktfast og vi var i gang.

 

Konferansier Trygve B. Torjusen losa oss trygt gjennom kvelden. Med morosame kommentarer fletta han saman programmet på ein flott måte.

 

Rosendal Songlag, for høvet med den nye dirigenten sin Maria Malmsten Steinkopf, framførte to vakre songar med svensk opphav. Eit vakkert  innslag med ein frisk dirigent.

 

Det blir ingen revy utan skodespelarar. Med sjølvlaga sketsjar og songar, vart det ikkje langt mellom høgdepunkta i salen. Mange lo so tårene trilla.

 

Tusen takk frå Rosendal Musikklag til alle som var med og laga denne kvelden til ein kjempesuksess. Takk til:

  

* Arve Belt - dirigent

* Trygve B. Torjusen

* Marianne Bondhus Bøyum

* Tone Fredheim Mælen

* Leif Sverre Enes

* Kjell Musland

* Mariann Thunold

* Annbjørg Fossberg

* Yngve Bryn

* Per Myklebust - lys

* Lars Storegjerde - lyd

 

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
30.03.2016
Konserten på Husnes storsenter vart ei kjekk hending.
Rosendal Musikklag A presenterte eit variert og kjekt program på konserten på Husnes storsenter laurdag 27. februar. Eit kjekt lokale å spele i og kjekt publikum.
Les meir
30.03.2016
Nytt år, Rosendal Musikklag A og B har fleire prosjekt på planen
erminlista er ikkje heilt på plass enno - men publikum har mykje kjekt å gle seg til i 2016 og.
Les meir
Linker
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS