Framsida


Heim
Grasrotandel
Om oss
Arrangement
Konkurranser
Festivalen
B-laget
Fotoalbum
Kontakt oss
Nyhende
Internsider

Seminarhelg

Rosendal Musikklag har hatt ei flott seminarhelg. Etter å hatt pause frå spelinga i sommar, var det godt å koma i gang igjen.
 

Det er alltid spanande å starta opp igjen sesongen, for å sjå kor mange som blir med i laget. Frå første øving er vi 28 medlemer, og det er ganske bra til å vera starten på sesongen.

 

Det å starta opp med eit seminar, gjer at laget kjem godt i gang. Nokre av oss smører ventilane febrilsk for å få dei i gang, kanskje litt i skjul, slik at dei andre ikkje skal sjå at her har ikkje instrumentet vore i bruk sida sist sesong. Nokre slit med leppene, etter kun ein oppvarmingshymne. Det klør og klør. Det er rart, ein kjem seg fort inn i det, og både ventiler og lepper fungerer etter ei kort stund.

 

Det er lagt ut bilete frå seminarhelga. Desse finn du på venstra side, under fotoalbum.

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
29.08.2011
Seminarhelg
Rosendal Musikklag har hatt ei flott seminarhelg. Etter å hatt pause frå spelinga i sommar, var det godt å koma i gang igjen.
Les meir
26.08.2011
Ny sesong for RML
Rosendal Musikklag starta oppatt sesongen måndag 15. august, og skal allereie helga 27. - 28. august ha seminar.
Les meir
Linker
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS