Framsida


Heim
Grasrotandel
Om oss
Arrangement
Konkurranser
Festivalen
B-laget
Fotoalbum
Kontakt oss
Hovudsponsor
Nyhende
Internsider
Kontakt oss
Tlf:
950 32 623
Faks:
E-post
kristin.lamberg@icloud.com
PB 142, 5486 Rosendal

Ei glitrande forestilling

Rosendal Musikklag starta det heile med 'Kongolela'. Her fekk laget vist fram gode solistar, på slagverk med Sindre Aksnes, og Vibeke L. Fredheim, Sebastian L. Torjusen på tuba, og Vegard Døssland på kornett.

 

So kom revygjengen, beståande av:

 

- Annbjørg Fossberg

- Marianne Bøyum

- Arne Sunde

- Leif Sverre Enes

- Kjell Musland

 

dansande inn i badekåper til musikken 'Its a kind of Magic'. Og ein magisk kveld vart det!

 

Mette Marit, som var utsendt frå kongehuset, trudde det var Rosendal Musikkfestival ho var komen til. Men syntes det var 'fint og flott', og opna likevel kveldens revy.

 

Det blei nyhetssending frå Skålagato, der dei nye fartsdemparane vart kveldens nyhet. 'Dråsjen' i Rosendal hadde tatt med seg bilen, og fekk vist kor vanskeleg det kan vera å koma over 'demparane'. 'Dråsjeeigaren' hadde faktisk hatt fleire setefødsler over fartsdemparane, to i baksete og eit i framsete!

 

Vi fekk og turen innom doktorkontoret, der dei viste kor vanskeleg det kan vera å forstå doktorane språkmessig.

 

Under kveldens værmelding vart det meldt ekstremvær, med stor fuktighet i trekantsambandet.

 

Før pause, fekk musikantane i Rosendal Musikklag ei overrasking då mannen til eit av medlemene i laget, skulle skifta kjønn.. Er det damene på Toten som er forespegla her?

 

Lattermusklane satt laust, når ein etter pause fekk sjå revygjengen i rosa trikot dansa ballett til Grieg sin dans nr. 2. Ikkje mindre løye vart det når ein prøver å selge brukt ferje til Tide.

 

Til slutt blei det storslått brullaup, der brudens far heldt tale.

 

Ei storarta forestilling, kor sketsjane blei sydd saman til musikk av Rosendal Musikklag.

 
 
 
 
 
 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
30.03.2016
Konserten på Husnes storsenter vart ei kjekk hending.
Rosendal Musikklag A presenterte eit variert og kjekt program på konserten på Husnes storsenter laurdag 27. februar. Eit kjekt lokale å spele i og kjekt publikum.
Les meir
30.03.2016
Nytt år, Rosendal Musikklag A og B har fleire prosjekt på planen
erminlista er ikkje heilt på plass enno - men publikum har mykje kjekt å gle seg til i 2016 og.
Les meir
Linker
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS