|
Det nærmar seg | | Fredag reiser Rosendal Musikklag til Bergen for å delta på NM for brassband. | | | Laget har på årets NM heile 29 medlemer, og dirigenten Torstein Hatlevik har gjort ein god jobb med å sveisa saman NM stykket Glorifico Aeternum. Litt finpussing er det nok igjen, det vil det alltid vera nokre dagar før laget skal på scenen. | | | Først på laurdag 6. februar kl. 11.20 skal det skje, og først om kvelden under festkonserten i Grieghallen blir resultata lest opp. | | | Norges Musikkorpsforbund er ganske raske med å leggje ut dette på sine nettsider, og er du interessert i det, kan du gå inn på fylgjande link laurdagskvelden og sjå resultata frå årets Norges Mesterskap for Brassband: Klikk her | | | | | | | |
| |
 | | Siste nyhende | | 30.03.2016 | Konserten på Husnes storsenter vart ei kjekk hending. | | Rosendal Musikklag A presenterte eit variert og kjekt program på konserten på Husnes storsenter laurdag 27. februar. Eit kjekt lokale å spele i og kjekt publikum. | | Les meir | 30.03.2016 | Nytt år, Rosendal Musikklag A og B har fleire prosjekt på planen | | erminlista er ikkje heilt på plass enno - men publikum har mykje kjekt å gle seg til i 2016 og. | | Les meir | |  |  | | Linker | |  | |