|
Best før 5. april | | Rosendal Musikklag arrangerte revy og dans laurdag 4. april i samfunnshuset. | | | Billettane til revyen var utsolgt på forhånd, og stemninga under revyen var stor.
| | | |
Revygjengen med Annbjørg Fossberg, Leif Sverre Enes, Petter Ulvestadbakken, Hans Olav Leganger, Marianne B. Bøyum, Tone Fredheim Mælen, Arne Sunde, Mariann Thunold, Kjell Musland gjorde ein kjempeinnsats på scenen. Den eine sketsjen etter den andre blei framført, og publikum lo so dei grein.
| | | |
Revygjengen og Rosendal Musikklag takkar publikum, som gav so god tilbakemelding både under og etter revyen. Det har mykje å sei for vår opptreden, at vi får tilbakemelding undervegs, og at dette er morosamt og blir satt pris på.
| | | |
Det er no blitt ein tradisjon at Rosendal Musikklag arrangerer revy, og årets revy var den 4. i rekka.
| | | |
Musikklaget hadde i år med seg songsolist Ailie Reid, og hennar flotte stemme heva laget og storbandmusikken opp til eit høgt nivå. Første øving med Ailie til revyen, fekk medlemene i laget til å nikka, og smila lurt. Då først kjende vi at dette skulle bli ein suksess. Laget er veldig takksame for det gode samarbeidet med ho, og håper det blir mange fleire frametter.
| | | |
Vår faste dirigent Torstein Hatlevik, er jo eit unikum. Ikkje bare tar han på seg dirigering for laget vårt, for i tillegg var han konferansier for kvelden, var songsolist, og deltok i sketsjane. | | | | | | | |
| |
 | | Siste nyhende | | 30.03.2016 | Konserten på Husnes storsenter vart ei kjekk hending. | | Rosendal Musikklag A presenterte eit variert og kjekt program på konserten på Husnes storsenter laurdag 27. februar. Eit kjekt lokale å spele i og kjekt publikum. | | Les meir | 30.03.2016 | Nytt år, Rosendal Musikklag A og B har fleire prosjekt på planen | | erminlista er ikkje heilt på plass enno - men publikum har mykje kjekt å gle seg til i 2016 og. | | Les meir | |  |  | | Linker | |  | |