|
Stor gåve frå Norsafe | | Rosendal Musikklag har fått ei kjempeflott gåve frå Norsafe på kr. 100.000,-. | | | Jubelen sto høgt i taket, då Rosendal Musikklag fekk beskjed om den flotte gåva.
| | | |
| | | |
Laget søkte om tilskot til uniformer hjå Norsafe i fjor, og gleda var stor då vi fekk tilbakemelding frå Norsafe ved Geir Skaala at tilskotet var på kr. 100.000,-.
| | | |
| | | |
Dette er ei gåve som gjer at laget endeleg kan gå til innkjøp av uniformer til laget.
| | | |
| | | |
Rosendal Musikklag er eit av landets eldste korps, med oppstart i 1896. Det er veldig viktig at vi viser dette fram, og det har vi tenkt å gjere med å få sydd logoen og årstalet laget blei stifta på den nye uniforma.
| | | |
| | | |
Rosendal Musikklag arrangerer revy i Rosendal Samfunnshus den 4. april i år, og kanskje klarer vi å få uniformene til det arrangementet.
| | | |
Sjå nyheter på Kvinnheringen: Norsafe
| | | |
Rosendal Musikklag vil herved få takka Norsafe ved Geir Skaala for den flotte gåva!
| | | |
| | | |
| | | | | | | | | | |
| |
 | | Siste nyhende | | 30.03.2016 | Konserten på Husnes storsenter vart ei kjekk hending. | | Rosendal Musikklag A presenterte eit variert og kjekt program på konserten på Husnes storsenter laurdag 27. februar. Eit kjekt lokale å spele i og kjekt publikum. | | Les meir | 30.03.2016 | Nytt år, Rosendal Musikklag A og B har fleire prosjekt på planen | | erminlista er ikkje heilt på plass enno - men publikum har mykje kjekt å gle seg til i 2016 og. | | Les meir | |  |  | | Linker | |  | |