Framsida


Heim
Grasrotandel
Om oss
Arrangement
Konkurranser
Festivalen
B-laget
Fotoalbum
Kontakt oss
Hovudsponsor
Nyhende
Internsider
Kontakt oss
Tlf:
950 32 623
Faks:
E-post
kristin.lamberg@icloud.com
PB 142, 5486 Rosendal

Ein flott 5. plass

Rosendal Musikklag fekk ein 5. plass i årets NM for brassband.
 

Etter å ha blitt trukke ut til å spele som korps nummer 13 på laurdag, blei resultatet ein 5. plass med 87 poeng i 4. divisjon.

 
 

I 4. divisjon var det heile 22 korps som deltok, og få ein 5. plass her er vi veldig fornøyde med. Konkurransen blir hardare for kvart år, då det er veldig mange gode korps med.

 
 

Vinnaren i denne divisjonen var Bjørsvik Brass, eit korps som er satt saman av tidlegare Eikanger-Bjørsvik medlemmer. Eikanger-Bjørsvik er jo eit elitekorps, og vi var klar over på forhånd at dette korpset kom til å vinna.

 
 

Rosendal Musikklag sin dirigent, Torstein Hatlevik, har under heile NM oppkjøringa til Rosendal Musikklag jobba med klang, og samkjøring i korpset.

 
 

Sjå elles resultatista her: NM resultat

 
 
 
  Tilbake

 
Siste nyhende
30.03.2016
Konserten på Husnes storsenter vart ei kjekk hending.
Rosendal Musikklag A presenterte eit variert og kjekt program på konserten på Husnes storsenter laurdag 27. februar. Eit kjekt lokale å spele i og kjekt publikum.
Les meir
30.03.2016
Nytt år, Rosendal Musikklag A og B har fleire prosjekt på planen
erminlista er ikkje heilt på plass enno - men publikum har mykje kjekt å gle seg til i 2016 og.
Les meir
Linker
Dynamiske websider utviklet av: iDrift AS