|
Slagerkgruppa best i 4. divisjon | | Rosendal Musikklag fekk pris for beste gruppe i 4. divisjon i NM for Brassband i helga. Prisen gjekk til slagverkgruppa ved: Vibeke Larsdotter Fredheim, Torstein Lund Eik og Christine Egeland. | | | Norges Mesterskap for Brassband er over for denne gong. Rosendal Musikklag, 4. divisjon, hamna på ein 11. plass med 89 poeng.
| | | |
Etter trekkinga på fredagen, fekk vi vite at vi skulle på scenen laurdag kl. 11.20. Vi skulle spele som korps nummer 7 av i alt 19 korps. Vi var veldig nøgde med tidspunktet for spelinga, og starta laurdagen med øving kl. 08.15. Vi kom til Grieghallen i god tid før vi skulle spele, og fekk dermed tid til å slappe litt av.
| | | |
Med i alt 69 deltakande korps fordelt på fylgjande divisjoner, Elite, 1., 2., 3., og 4. divisjon, skjer alt ganske fort. 20 minutter før sceneopptreden, får vi tildelt eit oppvarmingsrom. Her er det viktig å varme opp, spele litt igjennom stykket, før vi blir henta inn til salen. Då har allereie slagverkgruppa vår, satt opp sine instrument inne på scenen slik både dei og laget er vane med å ha det heime.
| | | |
Mange hadde tatt turen for å høyra Rosendal Musikklag. Vi hadde valt eit publikusvenleg stykke, 'Call of the Cossacks, og vi var veldig nøgde med framføringa. Stor applaus frå alle i salen.
| | | |
Om kvelden var det festkonsert med resultatopplesing i Grieghallen. I kvar divisjon får den beste gruppa tildelt pokal og diplom, og stor var gleda då slagverkgruppa i Rosendal Musikklag blei opplest som den beste gruppa i 4. divisjon. Gratulerer so mykje!
| | | |
| | | |
| | | |
| | | |
| | | |
| | | | | | | | | | |
| |
 | | Siste nyhende | | 30.03.2016 | Konserten på Husnes storsenter vart ei kjekk hending. | | Rosendal Musikklag A presenterte eit variert og kjekt program på konserten på Husnes storsenter laurdag 27. februar. Eit kjekt lokale å spele i og kjekt publikum. | | Les meir | 30.03.2016 | Nytt år, Rosendal Musikklag A og B har fleire prosjekt på planen | | erminlista er ikkje heilt på plass enno - men publikum har mykje kjekt å gle seg til i 2016 og. | | Les meir | |  |  | | Linker | |  | |