|
Vellukka seminar | | Rosendal Musikklag har hatt seminarhelg, med fellesøving allereie frå torsdagskvelden. | | | Rosendal Musikklag skal delta i ein konkurranse i Stavanger den 3. november Konkurransen er det Stavanger Brass Band som skipar til, og den har namnet Siddis. Dette er ein underhaldningskonkurranse, kor vi bestem sjølv kva vi skal spele. Laget vårt har heile 19 minutter effektiv tid på scenen. Det vil seia at i frå vi kjem på scenen til siste tone blir spelt, kan vi bruke 19 minutter.
| | | |
| | | Musikklaget har no hatt øvingshelg. Med nesten fullt korps, har vi øvd i fire dagar. Vår dirigent Torstein Hatlevik, har i løpet av desse dagane klart å få laget godt samanspelt. Det er noko som er særs viktig i eit korps, det å vera samspelte. Vi blir flinkare til å lytte til kvarandre, vente på kvarandre, og so spele saman. I løpet av ei slik helg, vil korpset utvikle seg både musikalsk og teknisk.
| | | |
| | | Det er no 4 øvingar igjen før laget skal konkurrere i 3. divisjon i Siddis. Desse øvingane blir brukt til å finpusse på stykkene, samt at vi kjem til å spele igjennom heile programmet fleire gonger. Har du lyst til å høyre oss, ta gjerne turen nedom ei øving.
| | | |
| | | |
| | | |
| | | |
| | | |
| | | | | | | | | | |
| |
 | | Siste nyhende | | 30.03.2016 | Konserten på Husnes storsenter vart ei kjekk hending. | | Rosendal Musikklag A presenterte eit variert og kjekt program på konserten på Husnes storsenter laurdag 27. februar. Eit kjekt lokale å spele i og kjekt publikum. | | Les meir | 30.03.2016 | Nytt år, Rosendal Musikklag A og B har fleire prosjekt på planen | | erminlista er ikkje heilt på plass enno - men publikum har mykje kjekt å gle seg til i 2016 og. | | Les meir | |  |  | | Linker | |  | |